Iran

  • Jashak salt dome

Context of Iran

Iran (farsi ایران), før 1934 kalla Persia og offisielt Den islamske republikken Iran (farsi جمهوری اسلامی ایران), er eit land i Vest-Asia. Det grensar i nordvest til Armenia, den de facto sjølvstendige Republikken Artsakh, Aserbajdsjan og den aserbajdsjanske eksklaven Nakhitsjevan; i nord til Kaspihavet; i nordaust til Turkmenistan; i aust til Afghanistan og Pakistan; i sør til Persiabukta og Omanbukta; og i vest til Tyrkia og Irak. Med over 80 millionar innbyggjarar er Iran det 18. mest folkerike landet i verda. Landet dekkjer eit areal på 16 481 95 km² og er det nest største landet i Midtausten og det 17. største i verda. Det er det einaste landet som har kystlinje mot både Kaspihavet og Indiahavet. den sentrale plasseringa i Eurasia og Vest-Asia, og nærleiken til Hormuzsundet, gjev det ein viktig strategisk plassering. Teheran er hovudstaden og den største byen i landet, i tillegg til å vere det økonomiske og kulturelle senteret.

Iran er heimstad til ...Les meir

Iran er heimstad til ein av dei eldste sivilisasjonane i verda, frå og med dei elamittiske kongedøma på 3000-talet fvt. Det vart først samla av iranske Media på 600-talet fvt., og var på sitt største under Akamenide-dynastiet skipa av Kyros den store på 500-talet fvt. Det strekte seg då frå Aust-Europa til Indusdalen, og vart eit større rike enn noko som hadde eksistert før i verda. Det iranske riket fall til Aleksander den store på 300-talet fvt, men dukka opp att kort tid etter som Partiariket, etterfølgd av Sasanideriket, som vart den leiande verdsmakta dei neste fire hundreåra.

Arabiske muslimar erobra riket på 600-talet evt, og førte til slutt til ei forskuving av dei opphavlege trusretningane parsisme og manikeisme til fordel for islam. Iran gjorde store bidrag til den islamske gullalderen som følgde, og var opphav til mange viktige personar innan kunst og vitskap. Etter to hundreår byrja ein periode med med ymse innfødde, muslimske dynasti, som seinare vart erobra av tyrkarar og mongolar. Framveksten til safavidane på 1400-talet førte til at det vart gjenoppretta ein samla iransk stat og nasjonalidentitet, som følgde etter landet konverterte til sjiaislam, og markerte eit vendepunkt i iransk og muslimsk historie. På 1700-talet hadde Iran ei kort stund det som utan tvil var det mektigaste riket på den tida, under Nader Shah. Krigar på 1800-talet med Det russiske imperiet førte til store tap av landområde. Uro i folket kulminerte i den konstitusjonelle revolusjonen i 1906, som oppretta eit konstitusjonelt monarki og den første grunnlova i landet. Etter eit statskupp sett i verk av Storbritannia og USA i 1953, vart Iran gradvis tettare på linje med Vesten, og vart stadig meir autokratisk. Aukande misnøye mot utanlandsk påverknad og politisk undertrykking førte til den iranske revolusjonen i 1979, som førte til at landet vart ein islamsk republikk, eit politisk system som inneheld element av eit parlamentarisk demokrati kontrollert og overvaka av eit teokrati styrt av ein autokratisk «øvsteleiar». Kritikarar reknar det som eit totalitært diktatur styrt av ein mangeårig diktator (Ali Khamenei) som utferdar ordrar, dekret og retningslinjer om nesten alt. I 1980-åra var landet i krig med Irak, som varte i nesten ni år og førte til store dødstal og økonomiske tap på begge sider.

I følgje internasjonale observatørar er det noverande iranske regimet (leia av Ali Khamenei sidan 1989) undertrykkande og brot på menneskerettane er vanleg. Sidan 2000-åra har det kontroversielle atomprogrammet til Iran ført til uro, og er til dels opphavet til internasjonale sanksjonar mot landet. Atomavtalen med Iran er ein avtale mellom Iran og P5+1 frå 14. juli 2015, med mål om å lette på sanksjonane mot at Iran avgrensa produksjonen av anrika uran.

Iran er opphavleg medlem av Dei sameinte nasjonane, ECO, NAM, OIC og OPEC. Det er ei stor regionalmakt og mellommakt, og dei store reservane med fossilt brensel – som omfattar den største naturgassforsyninga i verda og den fjerde største oljereserven – gjer landet til ein viktig aktør i internasjonal energitryggleik og i verdsøkonomien.

Den rike kulturarva til landet syner seg til dels i dei 21 verdsarvstadane landet har, som er det tredje meste i Asia og det ellevte meste i verda. Iran er eit fleirkulturelt land som består av mange etniske og språklege grupper. Dei største er persarar (61 %), aserbajdsjanarar (16 %), kurdarar (10 %) og lurarar (6 %).

Map