Drikkehorn

Drinking horn ( Drikkehorn )

Drikkehorn er eit drikkekar til vin, mjød eller øl, anten laga av eit dyrehorn eller med form som eit slikt horn. Det finst slike hornforma drikkekar i glas, metall og tre. Drikkehorn har ofte dekorerte beslag og to føter med dyreklør.

Horn er eit av dei eldste kjende drikkekara. Ei kvinne med eit drikkehorn, kjend som Venus frå Laussel, er avbilda på eit kalksteinsrelieff i Dordogne i Frankrike som blei hogd ut ca. 26.000 f.Kr. Det ser ut til at drikkehorn blei brukt nord for Alpane, og allereie frå bronsealderen finst det horn laga i glas og metall. Mest kjend er dei danske gullhorna frå 400-talet. Dei blei stolne i 1802, men det er teikningar etter dei. Julius Cæsar fortel i De Bello Gallico at germanske unge menn jakta på urokser og at det var ei ære å kunne visa fram høgast tal horn som jakttrofe på tinget. Seinare innfatta dei kanten på horn i sølv og brukte dei som drikkekar i dei største drikkelaga sine.

...Les meir

På Bayeux-teppet, som blei brodert etter slaget ved Hastings i 1066, er det avbilda drikkehorn på bordet. Når drikkehorn er omtala i sogelitteratur og diplom frå mellomalderen er dei knytt til storfolk. Bevarte middelalderhorn med forgylte beslag og adelsåpen viser også at dei har høyrt heime i høgare samfunnslag. Men drikkehorn har også vore brukt i bondemiljøa, og dei kunne då vera laga av horn frå bøndene sine eigne dyr.

Det var ein kunst å kunna drikka av store horn. Den som var utan erfaring kunne setja spissen opp, og fekk då heile innhaldet med stor fart rett i ansiktet.

På 1500- og 1600-talet har drikkehorn vore brukt til juleølet, og på gamle primstavar er difor juledagane markert med drikkehorn, medan slutten på jula, tjuandedag jul, kan ha eit drikkehorn vend opp ned.

Om nokre horn, huldrehorn, finst det segner om at dei var komne frå dei underjordiske. Den svenske adelsslekta Trolle har til dømes ei soge knytt til seg om at eit medlem av slekta skal ha drepe eit troll og teke eit drikkehorn frå det, Våxtorpshornet eller Trollehornet.

Med nasjonalromantikken blei det utbreidd med drikkehorn i borgalege miljø, men desse horna var nok helst til pynt og blei ofte gjevne som gåver. Dei er gjerne montert på ein høg fot og kan ha lok. I nyare tid er det også laget miniatyrhorn i glas eller metall til å drikka brennevin av.

More images

Destinations